Det opphavelege namnet på bygda, var truleg Bjørgedal. Dette avdi fyrste busetjarane måtte gå over eit bergparti som heiter nettopp Bjørgene, og det var snaraste vegen åt Nøre-Bjørkedal; der folk fyrst busette seg. Anna tilkomst åt bygda var å gå Fannene; der E.39 gjeng no. Då kom ein til Søre-Bjørkedal. (då hadde det vel vorte 'Fandendalen' eller 'Fannedalen'.) For å unngå desse kronglete stigane, lærte dei seg å byggje båt, og då rodde dei til / frå Vassenden frå / til heimen.
So kom futane og prestane og andre skriftlærde, og med dei skrivekunsten. Dei var nok ikkje kjende med at bjørger er fleirtalsforma for berg. So dei kalla bygda for Bierchenthal - Biergedal, og sikkert andre variantar. Men altso til slutt Bjørkedal. Dette tykkjast for meg å vere ei truverdig utgreiding for namnet Bjørkedal.
Bjarne Kile.